Det
tok til å gå på nattesøvnen laus. I nesten ni veker hadde
containerane våre stått uopna i containerhavna i Mariel, stadig med
nye, tøvete grunngjevingar. Og eg sov ikkje betre etter at eg måtte
forlenge opphaldet med to og ei halv veke. Det førte til fylgjande
private utlegg: 5600 kroner for ”visum-flight” til Panama, 3700
kroner for å forandre billetten heim, 1500 kroner i ekstra
reiseforsikring og tap av to vekers inntekt. Og Sparebanken Sør
hadde allereide før dette blinka med det raude ljoset for min
personlege saldo.
Men
så, etter fleire falske ”utrykningar” med lastebilar og folk, så
stod me der om ettermiddagen 14. februar me to tømde containerar og
kunne endå ein gong slå fast, slik som OL-pampane gjer det: THE
BEST EVER!
Det
har kosta engasjement, arbeid og pengar, men det er ei heilt sjuk
kjensle når ein endeleg kan opne containerane. Som ein ser, så kom
datamaskinane frå Vennesla Videregående og mange av skjermane kom
frå Kvadraturen Skolesenter. Alle syklane ein kan sjå inne i hallen
utgjer halvparten av dei 600 syklane me klarte å få frakta over i
år.
|
Helsing
til Lars Reidar Vasland: Som du ser så kom alle kassene me sleit på
fram til Playa Baracoa.
|
Helsing
til Thor Hushovd: Clever heiter han og er 8 år gamal. Kvar sundag i
vinter har han stilt opp på temporitt med ein 16 tommers sykkel.
Temporittet er på 11 km. Så må han sykle attende til start. I
tillegg må han sykle heimafrå, til og frå start. Så kvar sundag
har den vesle tøffingen sykla 32 kilometer på 16-tommeren. Sist
sundag kunne Clever, til applaus frå 160 andre syklistar, dra på
seg trøya me fekk frå Thor Hushovd (via Jan Frivold og Jarle
Storrem). Med trøya frå ein verdsmeistar på sykkel og ein stroken
sykkel (20 tommers) frå årets container og Martin Severinsen i
Øvrebø som Clever fekk dagen før, kjente nok han seg også som ein
verdsmeistar.
|
Helsing
til Stimen SK på Flekkerøya. +Bank blei fusjonert med Sparebanken
Sør, og dermed måtte Stimen sende nytt og ubrukt sykkeltøy til
Cuba. Cubanske syklistar blei dermed truleg dei einaste, utanom
banksjefane, som fekk nokon økonomisk fordel av fusjonen.
|
Helsing
til døtrene til Gunnar Andersen på Sordal (eg er komen i den
alderen at eg gløymer namn): Dokkene og dokkevogna de sendte med oss
kom vel fram.
|
Helsing
til familien Hodne på Syrtveit: Trur de denne karen blei konge i
nabolaget med denne Hummeren?
|
Helsing
til Leif Jørgen Versland på Europris Evje som sendte med oss 32 nye
syklar (helsing også til Live Kvaale Hansen som formidla kontakten):
Her ser de ca.10% av dei som fekk oppfylt draumen om ny sykkel. Så
kan de berre sjå føre dykk alle dei andre 29 som tok på seg
bestestasen for å bli tekne bilete av.
|
Helsing
til tre karar heime som sendte syklane sine til Cuba: Fv. Andreas
Lynne i Kristiansand, Tage Bygland Kjetså på Bygland og Martin
Severinsen frå Øvrebø (han sendte to syklar).
|
Helsing
til Jørn Markeng og TINE: Cuba og TINE sin fotballskule i raudt,
kvitt og blått. Det fantastiske med å ha TINE som sponsor at det er
nok til at ”alle” får kvar sin.
|
Helsing
til Arne Hoel og Fredrikstad SK: Richard (10) var tidlegare berre
kjent for å kome frå vanskelege sosiale tilhøve. No var han
plutseleg kjent for noko heilt anna. Han hadde ein av dei finaste
syklane i Playa Baracoa. Han la seg på hjul med Clever, og måtte då
sjølvsagt også ha skikkeleg sykkeltøy. Alle kan sjå kor det kom
frå.
|
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar