25. oktober 2014

TAKK FOR HJELPA!
604 SYKLAR PÅ VEG

Så er dei på veg, frå Bygland til Cuba. To containerar, kvar av dei tolv meter lang og kvar på 76 kbm. For 15. året på rad har no ”Sykler til Cuba” sendt sine ”sykkelcontainerar”. Det er masse sykkelglede og nytte i dei 604 syklane som no er på veg. Når desse syklane kjem til Cuba, har me fått over til saman 8100 syklar til den eksotiske, men så fattige øya, på desse femten åra.
Dette har me klart takka vere folkeleg engasjement og støtte. At NORAD og sentrale politikarar manglar evna til å sjå kva for ei fantastisk oppfinning sykkelen er for menneske i fattige land, forundrar oss, men det stoppar oss ikkje.
Det blei to fantastiske pakkehelger, sjølv om me båe helgene blei velsigna med regnver. Regnveret førte til mykje meirarbeid, men det gløymer ein raskt, når dugnadsfolket stiller opp. Fyrste laurdagen var me heile 34 personar i sving, andre laurdagen berre litt færre.
Sundagane ynskjer me noko færre, - det ligg i ”Bjørndal/Haugaa konseptet”.

”Bjørndal/Haugaa konseptet”- det som fungerer!
Utan forkleining for nokon andre, så er det åsdølen Jan Arild Bjørndal og skomedølen Egil Haugaa som har sett standard for ei containerpakking. Og me kan gjerne utvide duoen til ein trio og ta med nykomaren Rune Skibsrud.
Når dei startar opp, må alt vere ferdig førebudd og på plass på S.Kleivane Sagbruk. Det vil seie nok ferdigskrudde syklar, nok ”stappeklede”, materialar til golv og ikkje minst nok gode folk til å ”mate” dei der inne i containeren. (sjå bilete under)
Då fyllar dei ein container på utruleg kort tid, heilt til dugnadsleiaren krever å få dei siste metrane til spesielle syklar og kassar han gjerne vil ha kontroll med når det er tid for opning i Havana. Dermed får han plass til litt ”kose-pakking” på sundagane.

TAKK!
Og stadig utan forkleining for nokon andre, så veit me at det hadde blitt vanskeleg utan hjelp og velvilje frå Svein Kleivane. Kvar haust i femten år har han nok stønna litt for seg sjølv når sykkelprosjektet har inntatt sagbruket hans, men han skjuler det godt.
Takk til alle som er med på å gjere prosjektet mogeleg. Alle dei som pakker klede! Klede er rein bonus fordi dei blir stappa inn mellom syklane der me elles ville betalt for å sende luft. Og alle som veit noko om cubansk kultur, veit kor viktig det er korleis ein kler seg i dette landet, korleis ein pyntar seg for å skjule eigen fattigdom. Men også rett og slett dette, å ha råd til klede og sko i dagleglivet, når ei månadslønn ikkje rekk til eit par brukbare sko.
To trugne karar i logistikken mellom bank-kjellaren, skulen og Kleivane Sag som det ville bli vanskeleg utan, er Terje Bystøl og Lars Reidar Vasland. Dei får nok ofte tildelt dei kjedelegaste oppgåvene, men det er dei som gjer at det heile ikkje stansar opp, ikkje minst på sundagane.
-Ring meg, eg likar å vere til hjelp, seier Lars Reidar. Og seint på kvelden førre torsdagen var det han som var med inne i containeren og gjorde at me kom i rute.
Eg reiknar med at Anne Karine har hatt følarar ute hjå dei andre damene då ho under pakkinga sist helg utnemte seg sjølv til ”Dagleg Leiar” (og ho er ganske god til å vere sjef utan at me andre merkar det).
Og til dei som enno ikkje har vore med på ei containerpakking, me har det sabla triveleg og får fantastisk god mat. 

Me kjem att med fleire bilete både på Facen og heimesida. 

Jan Arild Bjørndal (fremst) og Egil Haugaa har utvikla ”Bjørndal/Haugaa konseptet” for pakking av ”sykkel-containere”.

Ein drøy formiddag, og dei to ser litt alvorlege ut over at dugnadsleiaren vil pakke dei siste metrane sjølv.

Her på Bygland skule blir enorme mengder klede pakka i småposar som blir stappa inn i alle holrom mellom syklane.

Containerpakking er sosialt, og maten smakar alltid fortreffeleg her i foajeen på Bygland skule.