9. juli 2015

Ei verdsstjerne og ein funksjonshemma, to av ”våre” store syklistar:
MARLIES OG DEYVIS


Syklistane Marlies Mejias og Deyvis Martinez Llopiz er ”våre”. Dei har vore ein del av ”Sykler til Cuba” i meir enn ti år, og dei to syklar meir enn dei fleste. Men der sluttar likskapen.

Eg sit med to avisutklypp:
Det eine er om Marlies. Det klypte eg ut sjølv på Cuba i vinter då Marlies kom heim med fem gullmedaljar frå dei sentral-amerikanske leikane i Mexico. Marlies har sin 8. plass på velodromen under London-OL, og reknast blant dei ti beste kvinnelege syklistane i verda. Marlies vinn stadig i utlandet, og det neste store målet hennar er OL i Rio.

Det andre avisutklyppet fekk eg i posten for eit par veker sidan. Avsendar var mor til Deyvis. Ho takkar sykkelprosjektet for at me har gitt sonen hennar eit liv. Deyvis er fysisk funksjonshemma, og kan ikkje gå normalt. Han kjem trampande på ein måte, som er vanskeleg å forklåre. ( sjå på biletet der han syklar, - han går om lag på same viset) Deyvis er også mentalt funksjonshemma.
Hadde ikkje ”Syklar til Cuba” dukka opp, hadde truleg Deyvis trampa rundt som ein tulling i landsbyen. Akkurat det veit mor hans aller best, difor brukte ho nokre av hardt tiltrengte pengar til å sende oss eit rekomandert takkebrev med avisutklypp i.

For høyr no berre kva som skjedde med ”vår” funksjonshemma syklist Deyvis: Til tross for mange åtvaringar, ga me Deyvis ny racer-sykkel i vinter. Han fekk carbon-hjelm som få har maken til på Cuba og han fekk sykkeljakke frå verdsmeistar Thor Hushovd. (via Jan Frivold og Jarle Storrem)
Og Deyvis trente og trente, seint og tidleg.
Så var det sykkelritt i Bauta, - fellesstart. Ein forstandig arrangør lot Deyvis (snart 30) starte i 16-årsklassen. Og Deyvis vant! Deyvis banka eit heilt kobbel med spreke sekstenåringar!

Men det stansa ikkje der.
I ”sykkel-byen” Guanajay var det stort sykkelritt med dei beste cubanske syklistane på startsreken. På startstreken stod også Deyvis Martinez Llopiz. Arrangøren synte stor menneskleg varme. Etter løpet ble Deyvis kalt fram saman med dei beste syklistane, og fekk ei utmerking for sin fantastiske vilje og pågangsmot. Og kan hende det aller største for Deyvis, han kunne sjå namnet sitt på sportssida i avisa.
På spursmål om korleis han kunne bli endå betre, svarte Deyvis: Eg håper Jan Olsen har med ein carbon-racer til meg…. (men den må vere låg i ramma så han får svinga dei stive beina sine på plass, Jan Olsen anm.)



Marlies er blitt vant til å bli omtala i media…

...men det var nok mykje større for Deyvis å asjå namnet sitt på sportssida i avisa.

Marlies då ho vann eit stort ritt i Argentina i fjor.

Det går ikkje an å bli særleg stoltare enn Deyvis akkurat då, ny racer, ny carbon-hjelm og prikken over i-en, sykkeljakke frå verdsmeistar Thor Hushovd (via Jan Frivold og Jarle Storrem).

Marlies, i fjor vinter med ny sykkel sponsa av ”Pedalpigane” i KCK.

Cubas ivrigaste syklist i farta. Beinstillinga ser noko vond ut, men slik syklar Deyvis seint og tidleg.

2. juli 2015

AGDER ENERGI = Kvinne-frigjering

Ja vel, det er kan hende å take litt hardt i, men syklane på bileta fekk me frå Agder Energi, og syklane gjev desse mødrene ein nyvunnen fridom.

For tenk dykk, damer, at de bur i bustadområdet Negrin, 3km frå Playa Baracoa (byen der sykkelprosjektet har basen sin). Kva gjer du då når du har småungar og skal til byen. Sjølvsagt kan du gå, men gå 6 km med ein toåring? Eller du kan stille deg i vegkanten og haike, og håpe at det kjem ein bil som stansar. Eller du kan stoppe ein ”pesos-taxi”, men det kostar 10 cubanske pesos kvar veg, så der gjekk den dagløna.

Men så kjem der strokne damesyklar frå Agder Energi som me monterte på godkjende barnesete. Og for ein fridom desse mødrene fekk. Bare ein liten blås til byen, med poden tjora sikkert bakpå. Og som dei syklar!

Me har eit hårete mål om at alle mødre med små barn i Negrin skal få slik transport av oss. Men då treng me gode syklar og mange barnesete. (Hugs å sende med feste-anordninga på ramma!) Me treng også sykkel-hengarar til barn.

Ei spesiell helsing til Trydal hos Agder Energi som formidla syklane. Det er vel det Agder Energi kaller ”Eksport av ren energi”…



Ni slike strøkne damesyklar fekk me frå Agder Energi.

Her er syklane på heimebane i Negrin.

Og her på snartur til Playa Baracoa. Og tru meg, desse damene var like fornøgde som dei ser ut. Ein nyvunnen fridom med norske syklar.

Heimeprodusert, cubansk sykkelsete. Sjarmerande nok, men korkje særleg trygt eller særleg praktisk.

Barneseter: Ja takk!

PAKKE-HELGER 2015!
10.-11. oktober og 17.-18.oktober

Før helga fekk me klarsignal for to containerar til Cuba. Så då kan alle dei som kan tenke seg å hjelpe til, setje av så mange dagar dei har tid til.

Når tida nærmar seg, tar eg kontakt med ”nøkkel-personell” for å vite at me har nok folk båe helgene.

Både nye og ”gamle” hjelparar er velkomne. Me treng mange hender.

Tre av ”nøkkel-personellet” inni ein studd container i fjor, f.v. Jan Arild Bjørndal, Egil Haugaa og Øyvin Moltumyr.

Februar 2015, endeleg fekk me opna containerane. Det er like fantastisk kvar gong.

7. mars 2015

VOGNA TIL RENATE



I løpet av femten år har eg sykla uttallege gongar mellom Playa Baracoa og bustadområdet Negrin. Eg har sett ufatteleg mykje rart langs denne vegstrekninga, men kan ikkje take bilete fordi der er flyplass og militært område.

Denne februardagen var det ekstra leitt med fotoforbod. For dette hadde eg aldri sett før. Der kom ei ungjente paraderande, heilt aleine med son sin i ein ”Mercedes Bentz” av ei barnevogn. Er ein stolt så er ein stolt, og då skal flest mogeleg få sjå det. Smilet var så breitt at ein mest såg smilet før ein såg barnevogna. Bilane tuta og ho vinka attende.

Sjølv tråkka eg vidare på sykkelen og tenkte på for eit fantastisk liv dette sykkelprosjektet gjev meg. Der, midt på ein cubansk landeveg gjekk truleg verdas lukkelegaste ungjente denne dagen. Barnevogna var det ”Sykler til Cuba” som hadde hatt med frå andre sida av kloden. Og ikkje berre det, ho som hadde sendt den, var min prakt-elev frå 6. klasse ved Byglandsfjord skule hausten 1987, Renate Øvergård. Stikk den!

Ho visste ikkje heilt kva ho skulle seie, då Jose svinga jeepen opp foran det fattegslege huset, tok ut to digre pakker i norske søppelsekkar og bad ho pakke opp. Ei openberring for ei ungjente med dei same ynskjer  som alle andre mødre har for sine, - det aller beste. Det var berre det at både ho og gutungen var fødde på feil plass. Dei hadde ingenting. Men så plutseleg stod den der altså, den flottaste barnevogna nokon hadde sett, fullpakka  med klede etter ”Signe Arneberg-metoden”.

Montering av barnevogner er intelligenstest for menn, og Jose sleit litt.

No manglar berre litt luft i hjula, så er ho klar til prøvetrilling.

Jungeltelegrafen har gode kår på Cuba, og dei sakkunnige som skulle vurdere vidunderet var raskt på plass.



2. mars 2015

VI KLARTE DET, - TIL SLUTT…


Det tok til å gå på nattesøvnen laus. I nesten ni veker hadde containerane våre stått uopna i containerhavna i Mariel, stadig med nye, tøvete grunngjevingar. Og eg sov ikkje betre etter at eg måtte forlenge opphaldet med to og ei halv veke. Det førte til fylgjande private utlegg: 5600 kroner for ”visum-flight” til Panama, 3700 kroner for å forandre billetten heim, 1500 kroner i ekstra reiseforsikring og tap av to vekers inntekt. Og Sparebanken Sør hadde allereide før dette blinka med det raude ljoset for min personlege saldo.

Men så, etter fleire falske ”utrykningar” med lastebilar og folk, så stod me der om ettermiddagen 14. februar me to tømde containerar og kunne endå ein gong slå fast, slik som OL-pampane gjer det: THE BEST EVER! 






Det har kosta engasjement, arbeid og pengar, men det er ei heilt sjuk kjensle når ein endeleg kan opne containerane. Som ein ser, så kom datamaskinane frå Vennesla Videregående og mange av skjermane kom frå Kvadraturen Skolesenter. Alle syklane ein kan sjå inne i hallen utgjer halvparten av dei 600 syklane me klarte å få frakta over i år.

Helsing til Lars Reidar Vasland: Som du ser så kom alle kassene me sleit på fram til Playa Baracoa.

Helsing til Ann-Helen og Steinar: Ho er tre år gamal og me håper at ho snart kan flytte inn i det andre nye huset som Ann-Helen og Steinar skal byggje i Negrin. Ho fekk sjølv vele mellom eit knippe med syklar. Og kva stod det på den ho valde? Ann-Helen…

Helsing til Thor Hushovd: Clever heiter han og er 8 år gamal. Kvar sundag i vinter har han stilt opp på temporitt med ein 16 tommers sykkel. Temporittet er på 11 km. Så må han sykle attende til start. I tillegg må han sykle heimafrå, til og frå start. Så kvar sundag har den vesle tøffingen sykla 32 kilometer på 16-tommeren. Sist sundag kunne Clever, til applaus frå 160 andre syklistar, dra på seg trøya me fekk frå Thor Hushovd (via Jan Frivold og Jarle Storrem). Med trøya frå ein verdsmeistar på sykkel og ein stroken sykkel (20 tommers) frå årets container og Martin Severinsen i Øvrebø som Clever fekk dagen før, kjente nok han seg også som ein verdsmeistar.

Helsing til Stimen SK på Flekkerøya. +Bank blei fusjonert med Sparebanken Sør, og dermed måtte Stimen sende nytt og ubrukt sykkeltøy til Cuba. Cubanske syklistar blei dermed truleg dei einaste, utanom banksjefane, som fekk nokon økonomisk fordel av fusjonen.

Helsing til døtrene til Gunnar Andersen på Sordal (eg er komen i den alderen at eg gløymer namn): Dokkene og dokkevogna de sendte med oss kom vel fram.

Helsing til familien Hodne på Syrtveit: Trur de denne karen blei konge i nabolaget med denne Hummeren?

Helsing til Leif Jørgen Versland på Europris Evje som sendte med oss 32 nye syklar (helsing også til Live Kvaale Hansen som formidla kontakten): Her ser de ca.10% av dei som fekk oppfylt draumen om ny sykkel. Så kan de berre sjå føre dykk alle dei andre 29 som tok på seg bestestasen for å bli tekne bilete av.

Helsing til tre karar heime som sendte syklane sine til Cuba: Fv. Andreas Lynne i Kristiansand, Tage Bygland Kjetså på Bygland og Martin Severinsen frå Øvrebø (han sendte to syklar).

Helsing til Jørn Markeng og TINE: Cuba og TINE sin fotballskule i raudt, kvitt og blått. Det fantastiske med å ha TINE som sponsor at det er nok til at ”alle” får kvar sin.

Helsing til Arne Hoel og Fredrikstad SK: Richard (10) var tidlegare berre kjent for å kome frå vanskelege sosiale tilhøve. No var han plutseleg kjent for noko heilt anna. Han hadde ein av dei finaste syklane i Playa Baracoa. Han la seg på hjul med Clever, og måtte då sjølvsagt også ha skikkeleg sykkeltøy. Alle kan sjå kor det kom frå.