26. oktober 2013

526 SYKLAR ER PÅ VEG.
TAKK FOR HJELPA!


Då har container nr.2 forlate Kleivane Sag på Bygland. Dermed er to containerar med til saman 526 syklar, enorme mengder sko og klede, skolemateriell, sykkeldrakter, fotballar, hjelmar +++ på veg mot havna i Havana. Me håper at dei kjem dit i slutten av november. Og me håper endå meir at me får opna dei i god tid før ”pakkedamene”, Signe, Elin, Helga og Anne Grete drar heim att. Dei har nemleg pakka ”ørten” spesialkasser med innhald som dei vil sykle rundt og dele ut på eiga hand. Då er det ei oppleving å sjå dei, og kan hende endå meir å høyre dei…

Det har vore to fenomenale pakke-helger, med hjelp frå alle kantar. Dugnadsleiaren vil med dette nytte høvet til å seie TUSEN TAKK FOR HJELPA til alle som har bidrege på sin måte.

Me har starta på container nr.2. Ein kan sjå både den store trehjulssykkelen frå Høvåg og den lille rosa frå Anja Mosdøl i Valle. Innerst står tandem-sykkelen frå Birkeland og til venstre ser ein raceren til Dag Erik som han skal prøve å banke oss på under temporitta ein sundags morgon i desember.

Draumane er så forskjellige, ein rosa trehjulssykkel, ei rosa dokkevogn eller ein blandemaskin…

Det er aldri for seint å prøve noko nytt. Martha Haugen (82) var med og pakka klede til Cuba for fyrste gong. Me trur bestemt at ho kjem att til neste år. Ho måtte og opp og sjå korleis det såg ut inne i ein sykkelcontainer. Her mellom barnebarn Dag Erik og super-hjelper Hossein.

Så, denne fantastiske kjensla, som det er vanskeleg å forklåre, - endå ein container er full og me kan låse døra. Hossein står for den høgtidelege lukkinga medan Terje Bystøl (denne velsigna hjelparen som alltid stiller opp) og Dagfinn Jernes ser på.

6. oktober 2013

140 SYKLAR HJÅ G.NORDBY


Laurdag 5.oktober hadde me innsamling av syklar hjå G.Nordby i Henrik Wergelandsgate i Kristiansand. 

Det var særleg barnesyklar me håpte på, for dei har me stadig for få av. Då me køyrde opp att dalen på ettermiddagen, hadde me med 140 syklar av uvanleg høg kvalitet,- litt færre barnesyklar enn me hadde håpt på.

Me takkar G.Nordby endå ein gong for utmerka hjelp. Også takk til alle som ga oss sykkel.

Me takkar ikkje avisa Fædrelandsvennen. Dei ville ikkje gje oss førehandsomtale av innsamlinga. Det skuldast sjølvsagt ikkje vrang vilje hjå det kvalitetsmedvitne mediamiljøet på Fiskåtangen. Men det viktig å halde av ledig spalteplass i tilfelle ein Start-spelar skulle få lyskestrekk eller det skulle kome på andre storhende i landsdelen. 

CONTAINERANE BLIR PAKKA LAURDAG OG SUNDAG DEI TO NESTE HELGENE. TA EIN PAKKETUR TIL BYGLAND DU OGSÅ! 


Me hadde utrusta oss med dei beste transportørane i dalen, Setesdal Bilruter og Jordalsbø Sykkeltransport.



Slike unge syklistar skulle me gjerne ha sett fleire av på laurdag. Denne flotte buketten unge damer kom frå Flekkerøya for å sende syklane sine til Cuba. F.v. Mari, Maja og Vilde, systre med etternamnet Lande Ryland.


Gode hjelparar i fantastisk oktoberver utanfor G.Nordby. F.v. Sterkt deltakande sjåfør Ola Bjorland, Super-hjelpar Hossein, Terje Bystøl og Vetle Mangseth.

30. september 2013

Me er godt i gong:
CONTAINERPAKKING 12.-13. OKT. og 19.-20.OKT.


Det er mindre enn to veker til me skal pakke den fyrste containeren, men me er godt i gong allereie. Dugnadsleiar med hjelpar Hossein har tre helger køyrt inn syklar frå lager og snudd styre og pedalar, ca. 270 syklar er klare. Folk har gitt oss veldig gode syklar, så det er moro å halde på med.

ME MANGLAR: Me skulle gjerne hatt mange fleire barnesyklar. Me håper å få retta på det når me skal samle inn syklar hjå G.Nordby i Kristiansand fyrstkomande laurdag (5.okt).
Me skulle også gjerne hatt fleire hjelparar til å pakke klede i posar som skal stuast inn mellom syklane. Har du nokre ledige hender, kontakt Signe Arneberg.

FOLKEHØGSKULEN KJEM: Laurdag 12.okt kjem heile folkehøgskulen frå Valle til Bygland for å pakke container. Elevane gjorde eit solid fyrsteinntrykk då dugnadsleiar var oppe og orienterte om prosjektet. Med hjelp frå desse ungdomane skal me få gjort masse fyrste laurdagen. Me håper mange av elevane vil hjelpe med pakking av klede, for alle klede me kan få studd inn mellom syklane, er rein bonus.

Hossein, ein velsigna hjelpar med ein enorm arbeidskapasitet. Her framom plastpresenninga som skjuler over 250 syklar, der han mest aleine har snudd styre og pedalar.

18. september 2013

DEN VELSIGNA HJELPAREN


Hossein Chahoshi budde på asylmottaket på Bygland i 3 år og 8 månader. Han treivst svært godt, og då han fekk opphald i Noreg, søkte han Bygland kommune om å få busetjing i kommunen. 

Men Bygland kommune var ikkje interessert i ein ærleg arbeidskar med ein kolossal kapasitet, så han blei deportert til Kristiansand. Det var eit stort tap for bygda, og ikkje minst for sykkelprosjektet, der han har gjort ein fenomenal innsats dei to seiste åra.

Men Hossein har ikkje svikta oss. Laurdag ettermiddag var han på plass på Bygland for å hjelpe til med syklane. Og då han reiste ned att til Kristiansand sundag ettermiddag, stod 100 syklar med snudd styre og snudde pedalar, ferdig til å stablast i container.

Dersom det er andre som kjenner ei uimoståeleg lyst til å skru på syklar, er me på Kleivane Sag kvar sundag fram til pakking 12.oktober.

FEKK DE DET MED DYKK? FYRSTE PAKKEDAG LAURDAG 12. OKTOBER!


Hossein på plass i verkstaden hjå Kleivane Sag sist sundag. Då han reiste ned att til Kristiansand stod 100 syklar klare til stabling.

9. september 2013

SÅ LANG/SÅ KORT ER VEGEN


Sjå på desse tre bileta, så ser du at vegen er både kort og lang om du vil oppfylle sykkeldraumen for ein cubanar.

Her kjem Theodor Shun Vederhus med sykkelen sin til Bygland ein laurdag i oktober i fjor.



I midten av desember lesser Egil Haugå ut Theodor sin sykkel frå containeren, midt inne i Havana.


Eit par dagar seinare har Theodor sin sykkel fått ny eigar, truleg gladaste guten i verda akkurat då.
Saka er i allefall at me treng fleire barnesyklar. Bur du i nærleiken av Kristiansand, kan du levere sykkelen hjå G.Nordby i Henrik Wergelandsgate.

SETESDAL FOLKEHØGSKULE SLÅR TIL:
GOD HJELP TIL PAKKINGA


Den fyrste pakkehelga, 12.-13.oktober, får me god hjelp til å pakke containeren. Då kjem Setesdal Folkehøgskule med 34 elevar for å hjelpe til.

Dersom me klarer å organisere det skikkeleg, bør pakkinga gå radig denne laurdagen. Nøkkelpersonane, Egil, Jan Arild og Øyvin bestemmer kor mange dei vil ha med til å ”mate” containeren med syklar og klede.
Me satsar på at desse ungdomane er flinke med ”skiftenøkkelen”, så me kan få slakta mange syklar som er for dårlige til å sende. Dermed kan me sende mykje brukte delar i år, og det treng me.
Dei som kan tenke seg å pakke klede, blir med borte på skulen.

Dugnadsleiar Olsen skal opp til folkehøgskulen i Valle 21. september for å skape entusiasme for prosjektet.
Og me minnar om at pakke-helgene i haust er 12.-13. oktober og 19.-20. oktober.
Signe vil og prøve å samle folk til pakking av klede i bank-kjellaren sundag 29. september, slik at me har litt forsprang med klede som skal inn i mellom syklane.

Setesdal Folkehøgskule sin logo, på ein hettegensar i Playa Baracoa i forfjor vinter.
12. oktober skal me sjå kva elevane duger til.

28. august 2013

Me fekk 8.plass i London-OL!


MARLIES MEJIAS ER ”VÅR”!

Ho kom til oss i 2005 på ein gamal rusten ”russar” utan gear. 

Ho fekk den første skikkelege raceren av oss i 2006, og vann det meste av det ho stilte opp i. Sjekk lårmusklane på 13åringen som her får diplom av Jørn Markeng, ein særs viktig mann for sykkelprosjektet.

”Pedalpigane” i Kristiansand tok Marlies under sine venger i 2011. Her i Pedalpigedrakt med sponsa pulsklokke og GPS under oppkøyringa til OL i London.

Her på velodromen i London-OL, der ho fekk 8.plass! (med fråverande cubansk støtteapparat)

For å promotere cubansk damesykling og skaffe like godt utstyr som konkurrentane, inviterte ”Pedalpigane” Marlies til å sykle ColorLineSetesdalTour 25. mai i år. Men takka vere misunnelege cubanarar utan fungerande kroppsdelar over skuldrane, blei ho nekta å dra.

Me seier ikkje meir.

26. august 2013

”SYKLER TIL CUBA” 2012
- EIT STRÅLANDE ÅR


2012 blei eit strålande år. Me passerte 7000 syklar til Cuba. Me har brukt 13 år på det, ja vel, men dei kan prøve dei som vil, om det no er politikarar eller bistandsbyråkratar.

Det krever masse arbeid og mange gode hjelparar. Og ikkje minst, alle dei som har sansen for eit lite dugnadsprosjekt langt oppi dalom, og støtter oss med pengar. Me er ikkje flotte nok for sentrale politikarar, men me driv på dugnad og kjem heilt fram til mottakaren, og det har mange sansen for. Så me har klart å få inn nok pengar både til frakt, innkjøp av dekk og delar, og også til transport og nokre syklar/sykkeldelar på Cuba.

2012 blei også det året me fekk 8. plass på velodromen i London-OL, me fekk gjort ferdig adm. og garderobebygg ved fotballbanen i Pueblo Nuevo og me fekk ”shina opp” Sigurd Åsland sin verkstad i Aguacate.

For å ta dei seiste bileta me la ut i 2012, her er sykkelen til William Kristiansen Fagermann kome fram til ein liten kar utanfor Playa Baracoa.



Raceren me fekk på Miljødagen i Tresse gjekk til Osmel i Aguacate. Han har kone og ein son og tener 9 USD i månaden(!) som nattevakt. Så utan oss, ville draumen om å bli syklist stadig ha vore like fjern.