8. november 2014

iPad TIL BLINDE EMILIE


Det er nok min eigen ibuande motstand mot autoritetar, som gjorde at eg fekk slik sansen for Emilie. 15 år gamal og blind rauk ho opp i ein krangel med rektor på blindeskulen om korleis Jayro med sin Plymouth -49 modell, måtte køyre for å kome dit ho budde. Og rektor ga seg til slutt...

Det va då eg tenkte at denne jenta må eg prøve å gjere nok meir for enn berre å gje ho ein tandemsykkel.

Og no har eg han i handbagasjen, iPad-en til Emilie. Det blir stort, sjølv om mangel på nett gjer at ho ikkje vil få fullt så stor hjelp av teknologien som ho ville fått i eit ”normalt” land.

Datadamene
Eg har tidlegare i haust blitt glad i hotell-damer, men eg er ikkje mindre glad i data-damer, dei i Databutikken på Evje. Fyrst og framst fordi dei er så blide, sjølv om dei nok av og til smiler meir av meg enn til meg. Men det finst trøyst for ein nyteknologianalfabet som meg. Det er ikkje lenge ein skal vere inne i Databutikken på Evje, før ein skjøner at ein er ikkje aleine. I ein jamn straum kjem dei, dei litt gråhåra som har skaffa seg ein duppeditt dei ikkje heilt rår med. Og det finst ikkje ein stad i dalen der det blir gjeve så mykje gratis konsulenthjelp.

Takk for hjelpa
Og det var i Databutikken på Evje at dei hjalp oss å skaffe best mogeleg hjelp til Emilie. Me takker også Olav Ausel og Yngve Stiansen i Kristiansand for god informasjon om iPad og ”appar” for blinde og svaksynte.

Sjølvsagt kostar det
Me har brukt 4300 kroner på ”prosjekt Emilie”. Me fekk spontant 1500 kroner øremerkte til Emilie fyrste gongen me omtalte ho på Facebook. Eg reiknar med at alle dykk som er så flinke med ”likes” tar hintet…

Motivasjonsdose
Eg er på plass i Playa Baracoa på søndag. Tysdag blir Emilie invitert til basen utan å vite kvifor. Og når ei fattig, blind femtenåring med sine følsomme fingre tek til å kjenne på pakka frå Databutikken på Evje, då sit dugnadsleiaren litt på sidelinja og veit kvifor han held på med dette prosjektet.
Emilie, som nok smilar endå breidare til tysdag.

Og her er to av heile dalens datadamer, Synnøve og Marit. Du kunne ha venta litt, Linn, og blitt med på biletet.

Jan O.

Støtte frå der ein minst ventar det:
DÅ ”SYKLER TIL CUBA” DROG PÅ HOTELL


Ja, kven skulle ha trudd det? Tenk at eit lite dugnadsprosjekt i Setesdal, som i sin vesle målestokk har arbeidd mot fattigdom og for klima i femten år, får støtte frå Nordic Choice Hotels, hotella til Petter Stordalen. Det var liksom ikkje frå den kanten me venta å få støtte. Dugnadsleiaren trudde den gong, for femten år sidan, i sin naivitet, at det var politikarar og bistands-byråkratar som ville forstå kva for ei fantastisk oppfinning sykkelen er for folk i fattige land. Han tenkte den gongen at det var dei som kom til å seie,- flott ide, stå på!

Utan NORAD
Så har tida synt at det er heilt omvendt. Sentrale politikar, med Jon Lilletun (som diverre gjekk bort altfor tidleg) som eit heiderleg unnatak, trekk på skuldrene så lenge dei ikkje ser at prosjektet kan gjeve dei meir personleg makt.

Norad-direktør Poul Engberg-Pedersen prøvde etter beste evne, under ein paneldebatt i Kristiansand i 2009, å latterleggjere både prosjektet og dugnadsleiaren. Og det var ein av Norad sine sprenglærde fagrådgjevarar (såkalt) som kommenterte søknaden vår om økonomisk støtte på fylgjande måte: ”Det går ikke fram av søknaden hvorfor det er så vidt stort behov for sykler”. Ja, ja, lat dei arrogante og kunnskapslause på statsløn leve i si boble, så held me på med dugnadsarbeidet vårt i den verkelege verda.

Kvinne-sjefar? Ja takk!
I haust fann altså tre hotell i Kristiansand og eit i Arendal ut at dei ville samle inn syklar som blir sende til Cuba. Lat gå, det er hotellfolk sin profesjon å vere imøtekomande. Likevel, du verden så enkelt det var å forholde seg til dei fire sjefsdamene i Nordic Choice Hotels. Lat meg bryte saman og tilstå, - då eg trefte dei fire fyrste gongen, så tenkte eg, dette kan aldri gå bra, - brukte syklar i skinnande hotell-resepsjonar, og så fire damer som skal lage reglane. Det går aldri.

Dei fire hadde tydelegvis ein annan innfallsvinkel,- problem med kva??

Laurdagskveld på Hotell Ernst
Ein laurdagskveld i haust, eg skal ha med ein bolk om det når eg ein dag skal skrive bok om prosjektet, då trilla eg syklar ut gjennom, det eg frå mitt tilhald øvst i Jordalsbø, kallar den fasjonable resepsjonen på Hotell Ernst i Kristiansand. 

Eg såg føre meg at resepsjonisten høfleg ville antyde at det kan hende ein annan kveld hadde passa betre. Feil ein gong til. Han var berre eit stort smil, ”jeg har sett bildene, supert prosjekt! Du kan bare bruke heisen”.

Det var liksom ikkje nokon vanleg vareheis han tilbaud meg å frakte syklane i, heildekkande fotside speil, så blanke som eg aldri før har sett. Så stod eg der, så midt i speilglassheisen eg klarte å plassere meg, med ein DBS i kvar hand og tenkte, at knuser eg eit av desse speila er det meg som må sponse Petter Stordalen, ikkje han meg. Resten av kvelden gjekk eg trappa…

Takk til Tone
Og korleis i all verda hamna me på Nordic Choice Hotels? Tone Kvaale Jordal, med solide røter i Bygland, har fylgt prosjektet sidan ho sendte sykkelen sin til Cuba for mange år sidan.
I vår, litt før påske, presenterte Tone ”Sykler til Cuba” i hovudstaden, på eit japansk konsept, PechaKucha, der ein har 6 min og 40 sek taletid saman med 20 ljosbilete til å presentere det ein brenn for.

No ville det seg slik at den kvelden var Margrethe Svinøy, fra Tyholmen Hotel i Arendal, på PechaKucha for å finne meiningsfull underhaldning til Nordic Choice-dagen på hotellet 17. september.
Dermed blei det slik, at ein onsdagskveld midt i september stod Tone på podiet i Tyholmen Hotell i Arendal, Petter Stordalen entra podiet litt seinare på kvelden, framom 180 kresne publikumarar, og presenterte ”Sykler til Cuba”. 

Og ved det bakerste bordet sat ein stolt dugnadsleiar på reservert plass og følte seg ein smule bortkomen mellom glass med stett og glass utan stett, bestikk for forrett og bestikk for hovudrett og ein meny som kunne fortelje om kryddersteikt steinbit med gresskarpure, romanesco, blåskjellsjy og hasselbakt potet. Og vinkartet kunne fortelje at ein gjennom kvelden kunne fukte strupen med Castellblanch Brut, GB Riesling Sauvage og Santepietre Pinot Grigio.

For dugnadsleiaren kan sjølvsagt ikkje desse, sikkert svært edle dråpane, måle seg med Tine’s Ekstra lett. Men 200 innsamla syklar og kan hende bort imot 30000 kroner i deltakaravgift frå Nordic Choice-dagen, dei tek han meir enn gjerne imot.

Tusen takk, Tone!

Kva bli det neste?

Jordalsbø 2. november 2014
Jan Olsen

Ho som fekk ”Sykler til Cuba” på hotell. Tone Kvaale Jordal har solide slektsrøter i Setesdal. Morfar hennar var Gunnar J. Kvaale, mangeårig rektor ved skogskulen på Bygland.

Tone Kvaale Jordal presenterer ”Sykler til Cuba” på Tyholmen Hotell i Arendal. I desember dreg ho til Cuba for å oppleve prosjektet.