30. september 2013

Me er godt i gong:
CONTAINERPAKKING 12.-13. OKT. og 19.-20.OKT.


Det er mindre enn to veker til me skal pakke den fyrste containeren, men me er godt i gong allereie. Dugnadsleiar med hjelpar Hossein har tre helger køyrt inn syklar frå lager og snudd styre og pedalar, ca. 270 syklar er klare. Folk har gitt oss veldig gode syklar, så det er moro å halde på med.

ME MANGLAR: Me skulle gjerne hatt mange fleire barnesyklar. Me håper å få retta på det når me skal samle inn syklar hjå G.Nordby i Kristiansand fyrstkomande laurdag (5.okt).
Me skulle også gjerne hatt fleire hjelparar til å pakke klede i posar som skal stuast inn mellom syklane. Har du nokre ledige hender, kontakt Signe Arneberg.

FOLKEHØGSKULEN KJEM: Laurdag 12.okt kjem heile folkehøgskulen frå Valle til Bygland for å pakke container. Elevane gjorde eit solid fyrsteinntrykk då dugnadsleiar var oppe og orienterte om prosjektet. Med hjelp frå desse ungdomane skal me få gjort masse fyrste laurdagen. Me håper mange av elevane vil hjelpe med pakking av klede, for alle klede me kan få studd inn mellom syklane, er rein bonus.

Hossein, ein velsigna hjelpar med ein enorm arbeidskapasitet. Her framom plastpresenninga som skjuler over 250 syklar, der han mest aleine har snudd styre og pedalar.

18. september 2013

DEN VELSIGNA HJELPAREN


Hossein Chahoshi budde på asylmottaket på Bygland i 3 år og 8 månader. Han treivst svært godt, og då han fekk opphald i Noreg, søkte han Bygland kommune om å få busetjing i kommunen. 

Men Bygland kommune var ikkje interessert i ein ærleg arbeidskar med ein kolossal kapasitet, så han blei deportert til Kristiansand. Det var eit stort tap for bygda, og ikkje minst for sykkelprosjektet, der han har gjort ein fenomenal innsats dei to seiste åra.

Men Hossein har ikkje svikta oss. Laurdag ettermiddag var han på plass på Bygland for å hjelpe til med syklane. Og då han reiste ned att til Kristiansand sundag ettermiddag, stod 100 syklar med snudd styre og snudde pedalar, ferdig til å stablast i container.

Dersom det er andre som kjenner ei uimoståeleg lyst til å skru på syklar, er me på Kleivane Sag kvar sundag fram til pakking 12.oktober.

FEKK DE DET MED DYKK? FYRSTE PAKKEDAG LAURDAG 12. OKTOBER!


Hossein på plass i verkstaden hjå Kleivane Sag sist sundag. Då han reiste ned att til Kristiansand stod 100 syklar klare til stabling.

9. september 2013

SÅ LANG/SÅ KORT ER VEGEN


Sjå på desse tre bileta, så ser du at vegen er både kort og lang om du vil oppfylle sykkeldraumen for ein cubanar.

Her kjem Theodor Shun Vederhus med sykkelen sin til Bygland ein laurdag i oktober i fjor.



I midten av desember lesser Egil Haugå ut Theodor sin sykkel frå containeren, midt inne i Havana.


Eit par dagar seinare har Theodor sin sykkel fått ny eigar, truleg gladaste guten i verda akkurat då.
Saka er i allefall at me treng fleire barnesyklar. Bur du i nærleiken av Kristiansand, kan du levere sykkelen hjå G.Nordby i Henrik Wergelandsgate.

SETESDAL FOLKEHØGSKULE SLÅR TIL:
GOD HJELP TIL PAKKINGA


Den fyrste pakkehelga, 12.-13.oktober, får me god hjelp til å pakke containeren. Då kjem Setesdal Folkehøgskule med 34 elevar for å hjelpe til.

Dersom me klarer å organisere det skikkeleg, bør pakkinga gå radig denne laurdagen. Nøkkelpersonane, Egil, Jan Arild og Øyvin bestemmer kor mange dei vil ha med til å ”mate” containeren med syklar og klede.
Me satsar på at desse ungdomane er flinke med ”skiftenøkkelen”, så me kan få slakta mange syklar som er for dårlige til å sende. Dermed kan me sende mykje brukte delar i år, og det treng me.
Dei som kan tenke seg å pakke klede, blir med borte på skulen.

Dugnadsleiar Olsen skal opp til folkehøgskulen i Valle 21. september for å skape entusiasme for prosjektet.
Og me minnar om at pakke-helgene i haust er 12.-13. oktober og 19.-20. oktober.
Signe vil og prøve å samle folk til pakking av klede i bank-kjellaren sundag 29. september, slik at me har litt forsprang med klede som skal inn i mellom syklane.

Setesdal Folkehøgskule sin logo, på ein hettegensar i Playa Baracoa i forfjor vinter.
12. oktober skal me sjå kva elevane duger til.