7. mars 2015

VOGNA TIL RENATE



I løpet av femten år har eg sykla uttallege gongar mellom Playa Baracoa og bustadområdet Negrin. Eg har sett ufatteleg mykje rart langs denne vegstrekninga, men kan ikkje take bilete fordi der er flyplass og militært område.

Denne februardagen var det ekstra leitt med fotoforbod. For dette hadde eg aldri sett før. Der kom ei ungjente paraderande, heilt aleine med son sin i ein ”Mercedes Bentz” av ei barnevogn. Er ein stolt så er ein stolt, og då skal flest mogeleg få sjå det. Smilet var så breitt at ein mest såg smilet før ein såg barnevogna. Bilane tuta og ho vinka attende.

Sjølv tråkka eg vidare på sykkelen og tenkte på for eit fantastisk liv dette sykkelprosjektet gjev meg. Der, midt på ein cubansk landeveg gjekk truleg verdas lukkelegaste ungjente denne dagen. Barnevogna var det ”Sykler til Cuba” som hadde hatt med frå andre sida av kloden. Og ikkje berre det, ho som hadde sendt den, var min prakt-elev frå 6. klasse ved Byglandsfjord skule hausten 1987, Renate Øvergård. Stikk den!

Ho visste ikkje heilt kva ho skulle seie, då Jose svinga jeepen opp foran det fattegslege huset, tok ut to digre pakker i norske søppelsekkar og bad ho pakke opp. Ei openberring for ei ungjente med dei same ynskjer  som alle andre mødre har for sine, - det aller beste. Det var berre det at både ho og gutungen var fødde på feil plass. Dei hadde ingenting. Men så plutseleg stod den der altså, den flottaste barnevogna nokon hadde sett, fullpakka  med klede etter ”Signe Arneberg-metoden”.

Montering av barnevogner er intelligenstest for menn, og Jose sleit litt.

No manglar berre litt luft i hjula, så er ho klar til prøvetrilling.

Jungeltelegrafen har gode kår på Cuba, og dei sakkunnige som skulle vurdere vidunderet var raskt på plass.



2. mars 2015

VI KLARTE DET, - TIL SLUTT…


Det tok til å gå på nattesøvnen laus. I nesten ni veker hadde containerane våre stått uopna i containerhavna i Mariel, stadig med nye, tøvete grunngjevingar. Og eg sov ikkje betre etter at eg måtte forlenge opphaldet med to og ei halv veke. Det førte til fylgjande private utlegg: 5600 kroner for ”visum-flight” til Panama, 3700 kroner for å forandre billetten heim, 1500 kroner i ekstra reiseforsikring og tap av to vekers inntekt. Og Sparebanken Sør hadde allereide før dette blinka med det raude ljoset for min personlege saldo.

Men så, etter fleire falske ”utrykningar” med lastebilar og folk, så stod me der om ettermiddagen 14. februar me to tømde containerar og kunne endå ein gong slå fast, slik som OL-pampane gjer det: THE BEST EVER! 






Det har kosta engasjement, arbeid og pengar, men det er ei heilt sjuk kjensle når ein endeleg kan opne containerane. Som ein ser, så kom datamaskinane frå Vennesla Videregående og mange av skjermane kom frå Kvadraturen Skolesenter. Alle syklane ein kan sjå inne i hallen utgjer halvparten av dei 600 syklane me klarte å få frakta over i år.

Helsing til Lars Reidar Vasland: Som du ser så kom alle kassene me sleit på fram til Playa Baracoa.

Helsing til Ann-Helen og Steinar: Ho er tre år gamal og me håper at ho snart kan flytte inn i det andre nye huset som Ann-Helen og Steinar skal byggje i Negrin. Ho fekk sjølv vele mellom eit knippe med syklar. Og kva stod det på den ho valde? Ann-Helen…

Helsing til Thor Hushovd: Clever heiter han og er 8 år gamal. Kvar sundag i vinter har han stilt opp på temporitt med ein 16 tommers sykkel. Temporittet er på 11 km. Så må han sykle attende til start. I tillegg må han sykle heimafrå, til og frå start. Så kvar sundag har den vesle tøffingen sykla 32 kilometer på 16-tommeren. Sist sundag kunne Clever, til applaus frå 160 andre syklistar, dra på seg trøya me fekk frå Thor Hushovd (via Jan Frivold og Jarle Storrem). Med trøya frå ein verdsmeistar på sykkel og ein stroken sykkel (20 tommers) frå årets container og Martin Severinsen i Øvrebø som Clever fekk dagen før, kjente nok han seg også som ein verdsmeistar.

Helsing til Stimen SK på Flekkerøya. +Bank blei fusjonert med Sparebanken Sør, og dermed måtte Stimen sende nytt og ubrukt sykkeltøy til Cuba. Cubanske syklistar blei dermed truleg dei einaste, utanom banksjefane, som fekk nokon økonomisk fordel av fusjonen.

Helsing til døtrene til Gunnar Andersen på Sordal (eg er komen i den alderen at eg gløymer namn): Dokkene og dokkevogna de sendte med oss kom vel fram.

Helsing til familien Hodne på Syrtveit: Trur de denne karen blei konge i nabolaget med denne Hummeren?

Helsing til Leif Jørgen Versland på Europris Evje som sendte med oss 32 nye syklar (helsing også til Live Kvaale Hansen som formidla kontakten): Her ser de ca.10% av dei som fekk oppfylt draumen om ny sykkel. Så kan de berre sjå føre dykk alle dei andre 29 som tok på seg bestestasen for å bli tekne bilete av.

Helsing til tre karar heime som sendte syklane sine til Cuba: Fv. Andreas Lynne i Kristiansand, Tage Bygland Kjetså på Bygland og Martin Severinsen frå Øvrebø (han sendte to syklar).

Helsing til Jørn Markeng og TINE: Cuba og TINE sin fotballskule i raudt, kvitt og blått. Det fantastiske med å ha TINE som sponsor at det er nok til at ”alle” får kvar sin.

Helsing til Arne Hoel og Fredrikstad SK: Richard (10) var tidlegare berre kjent for å kome frå vanskelege sosiale tilhøve. No var han plutseleg kjent for noko heilt anna. Han hadde ein av dei finaste syklane i Playa Baracoa. Han la seg på hjul med Clever, og måtte då sjølvsagt også ha skikkeleg sykkeltøy. Alle kan sjå kor det kom frå.