8. november 2014

iPad TIL BLINDE EMILIE


Det er nok min eigen ibuande motstand mot autoritetar, som gjorde at eg fekk slik sansen for Emilie. 15 år gamal og blind rauk ho opp i ein krangel med rektor på blindeskulen om korleis Jayro med sin Plymouth -49 modell, måtte køyre for å kome dit ho budde. Og rektor ga seg til slutt...

Det va då eg tenkte at denne jenta må eg prøve å gjere nok meir for enn berre å gje ho ein tandemsykkel.

Og no har eg han i handbagasjen, iPad-en til Emilie. Det blir stort, sjølv om mangel på nett gjer at ho ikkje vil få fullt så stor hjelp av teknologien som ho ville fått i eit ”normalt” land.

Datadamene
Eg har tidlegare i haust blitt glad i hotell-damer, men eg er ikkje mindre glad i data-damer, dei i Databutikken på Evje. Fyrst og framst fordi dei er så blide, sjølv om dei nok av og til smiler meir av meg enn til meg. Men det finst trøyst for ein nyteknologianalfabet som meg. Det er ikkje lenge ein skal vere inne i Databutikken på Evje, før ein skjøner at ein er ikkje aleine. I ein jamn straum kjem dei, dei litt gråhåra som har skaffa seg ein duppeditt dei ikkje heilt rår med. Og det finst ikkje ein stad i dalen der det blir gjeve så mykje gratis konsulenthjelp.

Takk for hjelpa
Og det var i Databutikken på Evje at dei hjalp oss å skaffe best mogeleg hjelp til Emilie. Me takker også Olav Ausel og Yngve Stiansen i Kristiansand for god informasjon om iPad og ”appar” for blinde og svaksynte.

Sjølvsagt kostar det
Me har brukt 4300 kroner på ”prosjekt Emilie”. Me fekk spontant 1500 kroner øremerkte til Emilie fyrste gongen me omtalte ho på Facebook. Eg reiknar med at alle dykk som er så flinke med ”likes” tar hintet…

Motivasjonsdose
Eg er på plass i Playa Baracoa på søndag. Tysdag blir Emilie invitert til basen utan å vite kvifor. Og når ei fattig, blind femtenåring med sine følsomme fingre tek til å kjenne på pakka frå Databutikken på Evje, då sit dugnadsleiaren litt på sidelinja og veit kvifor han held på med dette prosjektet.
Emilie, som nok smilar endå breidare til tysdag.

Og her er to av heile dalens datadamer, Synnøve og Marit. Du kunne ha venta litt, Linn, og blitt med på biletet.

Jan O.

Støtte frå der ein minst ventar det:
DÅ ”SYKLER TIL CUBA” DROG PÅ HOTELL


Ja, kven skulle ha trudd det? Tenk at eit lite dugnadsprosjekt i Setesdal, som i sin vesle målestokk har arbeidd mot fattigdom og for klima i femten år, får støtte frå Nordic Choice Hotels, hotella til Petter Stordalen. Det var liksom ikkje frå den kanten me venta å få støtte. Dugnadsleiaren trudde den gong, for femten år sidan, i sin naivitet, at det var politikarar og bistands-byråkratar som ville forstå kva for ei fantastisk oppfinning sykkelen er for folk i fattige land. Han tenkte den gongen at det var dei som kom til å seie,- flott ide, stå på!

Utan NORAD
Så har tida synt at det er heilt omvendt. Sentrale politikar, med Jon Lilletun (som diverre gjekk bort altfor tidleg) som eit heiderleg unnatak, trekk på skuldrene så lenge dei ikkje ser at prosjektet kan gjeve dei meir personleg makt.

Norad-direktør Poul Engberg-Pedersen prøvde etter beste evne, under ein paneldebatt i Kristiansand i 2009, å latterleggjere både prosjektet og dugnadsleiaren. Og det var ein av Norad sine sprenglærde fagrådgjevarar (såkalt) som kommenterte søknaden vår om økonomisk støtte på fylgjande måte: ”Det går ikke fram av søknaden hvorfor det er så vidt stort behov for sykler”. Ja, ja, lat dei arrogante og kunnskapslause på statsløn leve i si boble, så held me på med dugnadsarbeidet vårt i den verkelege verda.

Kvinne-sjefar? Ja takk!
I haust fann altså tre hotell i Kristiansand og eit i Arendal ut at dei ville samle inn syklar som blir sende til Cuba. Lat gå, det er hotellfolk sin profesjon å vere imøtekomande. Likevel, du verden så enkelt det var å forholde seg til dei fire sjefsdamene i Nordic Choice Hotels. Lat meg bryte saman og tilstå, - då eg trefte dei fire fyrste gongen, så tenkte eg, dette kan aldri gå bra, - brukte syklar i skinnande hotell-resepsjonar, og så fire damer som skal lage reglane. Det går aldri.

Dei fire hadde tydelegvis ein annan innfallsvinkel,- problem med kva??

Laurdagskveld på Hotell Ernst
Ein laurdagskveld i haust, eg skal ha med ein bolk om det når eg ein dag skal skrive bok om prosjektet, då trilla eg syklar ut gjennom, det eg frå mitt tilhald øvst i Jordalsbø, kallar den fasjonable resepsjonen på Hotell Ernst i Kristiansand. 

Eg såg føre meg at resepsjonisten høfleg ville antyde at det kan hende ein annan kveld hadde passa betre. Feil ein gong til. Han var berre eit stort smil, ”jeg har sett bildene, supert prosjekt! Du kan bare bruke heisen”.

Det var liksom ikkje nokon vanleg vareheis han tilbaud meg å frakte syklane i, heildekkande fotside speil, så blanke som eg aldri før har sett. Så stod eg der, så midt i speilglassheisen eg klarte å plassere meg, med ein DBS i kvar hand og tenkte, at knuser eg eit av desse speila er det meg som må sponse Petter Stordalen, ikkje han meg. Resten av kvelden gjekk eg trappa…

Takk til Tone
Og korleis i all verda hamna me på Nordic Choice Hotels? Tone Kvaale Jordal, med solide røter i Bygland, har fylgt prosjektet sidan ho sendte sykkelen sin til Cuba for mange år sidan.
I vår, litt før påske, presenterte Tone ”Sykler til Cuba” i hovudstaden, på eit japansk konsept, PechaKucha, der ein har 6 min og 40 sek taletid saman med 20 ljosbilete til å presentere det ein brenn for.

No ville det seg slik at den kvelden var Margrethe Svinøy, fra Tyholmen Hotel i Arendal, på PechaKucha for å finne meiningsfull underhaldning til Nordic Choice-dagen på hotellet 17. september.
Dermed blei det slik, at ein onsdagskveld midt i september stod Tone på podiet i Tyholmen Hotell i Arendal, Petter Stordalen entra podiet litt seinare på kvelden, framom 180 kresne publikumarar, og presenterte ”Sykler til Cuba”. 

Og ved det bakerste bordet sat ein stolt dugnadsleiar på reservert plass og følte seg ein smule bortkomen mellom glass med stett og glass utan stett, bestikk for forrett og bestikk for hovudrett og ein meny som kunne fortelje om kryddersteikt steinbit med gresskarpure, romanesco, blåskjellsjy og hasselbakt potet. Og vinkartet kunne fortelje at ein gjennom kvelden kunne fukte strupen med Castellblanch Brut, GB Riesling Sauvage og Santepietre Pinot Grigio.

For dugnadsleiaren kan sjølvsagt ikkje desse, sikkert svært edle dråpane, måle seg med Tine’s Ekstra lett. Men 200 innsamla syklar og kan hende bort imot 30000 kroner i deltakaravgift frå Nordic Choice-dagen, dei tek han meir enn gjerne imot.

Tusen takk, Tone!

Kva bli det neste?

Jordalsbø 2. november 2014
Jan Olsen

Ho som fekk ”Sykler til Cuba” på hotell. Tone Kvaale Jordal har solide slektsrøter i Setesdal. Morfar hennar var Gunnar J. Kvaale, mangeårig rektor ved skogskulen på Bygland.

Tone Kvaale Jordal presenterer ”Sykler til Cuba” på Tyholmen Hotell i Arendal. I desember dreg ho til Cuba for å oppleve prosjektet.

25. oktober 2014

TAKK FOR HJELPA!
604 SYKLAR PÅ VEG

Så er dei på veg, frå Bygland til Cuba. To containerar, kvar av dei tolv meter lang og kvar på 76 kbm. For 15. året på rad har no ”Sykler til Cuba” sendt sine ”sykkelcontainerar”. Det er masse sykkelglede og nytte i dei 604 syklane som no er på veg. Når desse syklane kjem til Cuba, har me fått over til saman 8100 syklar til den eksotiske, men så fattige øya, på desse femten åra.
Dette har me klart takka vere folkeleg engasjement og støtte. At NORAD og sentrale politikarar manglar evna til å sjå kva for ei fantastisk oppfinning sykkelen er for menneske i fattige land, forundrar oss, men det stoppar oss ikkje.
Det blei to fantastiske pakkehelger, sjølv om me båe helgene blei velsigna med regnver. Regnveret førte til mykje meirarbeid, men det gløymer ein raskt, når dugnadsfolket stiller opp. Fyrste laurdagen var me heile 34 personar i sving, andre laurdagen berre litt færre.
Sundagane ynskjer me noko færre, - det ligg i ”Bjørndal/Haugaa konseptet”.

”Bjørndal/Haugaa konseptet”- det som fungerer!
Utan forkleining for nokon andre, så er det åsdølen Jan Arild Bjørndal og skomedølen Egil Haugaa som har sett standard for ei containerpakking. Og me kan gjerne utvide duoen til ein trio og ta med nykomaren Rune Skibsrud.
Når dei startar opp, må alt vere ferdig førebudd og på plass på S.Kleivane Sagbruk. Det vil seie nok ferdigskrudde syklar, nok ”stappeklede”, materialar til golv og ikkje minst nok gode folk til å ”mate” dei der inne i containeren. (sjå bilete under)
Då fyllar dei ein container på utruleg kort tid, heilt til dugnadsleiaren krever å få dei siste metrane til spesielle syklar og kassar han gjerne vil ha kontroll med når det er tid for opning i Havana. Dermed får han plass til litt ”kose-pakking” på sundagane.

TAKK!
Og stadig utan forkleining for nokon andre, så veit me at det hadde blitt vanskeleg utan hjelp og velvilje frå Svein Kleivane. Kvar haust i femten år har han nok stønna litt for seg sjølv når sykkelprosjektet har inntatt sagbruket hans, men han skjuler det godt.
Takk til alle som er med på å gjere prosjektet mogeleg. Alle dei som pakker klede! Klede er rein bonus fordi dei blir stappa inn mellom syklane der me elles ville betalt for å sende luft. Og alle som veit noko om cubansk kultur, veit kor viktig det er korleis ein kler seg i dette landet, korleis ein pyntar seg for å skjule eigen fattigdom. Men også rett og slett dette, å ha råd til klede og sko i dagleglivet, når ei månadslønn ikkje rekk til eit par brukbare sko.
To trugne karar i logistikken mellom bank-kjellaren, skulen og Kleivane Sag som det ville bli vanskeleg utan, er Terje Bystøl og Lars Reidar Vasland. Dei får nok ofte tildelt dei kjedelegaste oppgåvene, men det er dei som gjer at det heile ikkje stansar opp, ikkje minst på sundagane.
-Ring meg, eg likar å vere til hjelp, seier Lars Reidar. Og seint på kvelden førre torsdagen var det han som var med inne i containeren og gjorde at me kom i rute.
Eg reiknar med at Anne Karine har hatt følarar ute hjå dei andre damene då ho under pakkinga sist helg utnemte seg sjølv til ”Dagleg Leiar” (og ho er ganske god til å vere sjef utan at me andre merkar det).
Og til dei som enno ikkje har vore med på ei containerpakking, me har det sabla triveleg og får fantastisk god mat. 

Me kjem att med fleire bilete både på Facen og heimesida. 

Jan Arild Bjørndal (fremst) og Egil Haugaa har utvikla ”Bjørndal/Haugaa konseptet” for pakking av ”sykkel-containere”.

Ein drøy formiddag, og dei to ser litt alvorlege ut over at dugnadsleiaren vil pakke dei siste metrane sjølv.

Her på Bygland skule blir enorme mengder klede pakka i småposar som blir stappa inn i alle holrom mellom syklane.

Containerpakking er sosialt, og maten smakar alltid fortreffeleg her i foajeen på Bygland skule.

3. juli 2014

”Sykler til Cuba” samlar inn
BRUKT UTSTYR TIL CUBA, NM LANDEVEG MASTERS

I helga, 5.og 6.juli, saler dugnadsleiaren opp sin gamle kvite Transporter med tilhenger og drar til Hovudstaden.

Denne helga går NM landeveg masters av stabelen, og tilskiparen IF Frøy (som sendte drakter til Cuba i vinter) har vore rause nok til å sleppe oss inn i tilskipinga som tiggarar. Me har fått lov å stille oss opp i start-/målområdet både laurdag og sundag. Og det me tiggar, er brukt utstyr til landevegssykling.

Som de ser av biletet, sendte Thor Hushovd med oss brukt utstyr alt i 2004. Gidd han å gjere det, kan mange andre også gjere det. Mange syklistar har utstyr liggjande som dei neppe kjem til å bruke meir, og det utstyret treng cubanske syklistar sårt for å kunne drive med landevegssyklng. Det handlar ganske enkelt om å gje andre høve til å drive med den sporten me sjølve er så glade i.

Me tek imot brukte dekk, slangar, sete, pedalar, sko, hjelmar, klede, hjul, gaflar, rammer og sjølvsagt om nokon har høve, brukte landevegssyklar. 

Hausten 2004, det året Thor Hushovd, som fyrste nordmann hadde sykla i den gule leiartrøya i Tour de France, sendte han brukt utstyr med oss til Cuba. Me fekk signert sykkeltrøye, hjelmar, capsar og solbriller, og han signerte TdF-magasin som me hadde fått av TV2. Og det var ingen nykker der i garden. Det fyrste han gjorde var å seie seg lei for at han kom nokre minutt for seint til avtalen. Her er tidenes beste norske syklist fotografert mellom t.v. Atle Nilsen og dugnadsleiar Jan Olsen.

Her er brukte drakter frå IF Frøy på plass hjå cubanske syklistar.


Og her er nokre av draktene av ei fantastisk sending frå NCF, som me fekk i 2012.

4. mars 2014

BLINDE EMILIE FEKK SIN TANDEM


Med oss i containeren hadde me ein strøken tandemsykkel frå Birkeland. Me hadde høyrt om ei blind 14-åring, men me visste ikkje kva ho heitte. Me visste berre at ho budde i Playa. Playa er ein tett befolka forstad til Havana, og me kunne liksom ikkje gå frå dør til dør og spørje etter ei blind jente på 14. Kva gjorde me då?

Cubanarane meinte at det var ei umogeleg oppgåve å finne ho. Det meinte dei nok mest fordi dei ville ha tandemen og leike seg med sjølve…
Cuba har eit godt skuletilbod for blinde og svaksynte. Ergo gjekk truleg jenta på ein slik skule. Altså måtte me finne ein slik skule.
Me leigde Jayro med sin Plymouth -49 modell og dro på leiting.
Me fann skulen og me fann jenta, Emilie Sigler Betancuort. Ei 14-åring av rette slagen! Ho tok til å diskutere med rektor då han skulle forklåre Jayro korleis han måtte køyre for å finne huset der ho budde…

Eg har ingen kunnskap om hjelpemiddel for blinde og svaksynte, men kven har slik kunnskap? Tenk om me i neste container kunne ha med ein datamaskin som Emilie kunne bruke. Kan ikkje det vere eit mål? Dugnadsleiaren sitt mobilnr. er stadig 90940437.

Og sidan me er inne på blinde, tek me med bilete og historia om Junior, som er blind og som no er musikklærar på skulen i landsbyen Central. Då Junior var 13 hadde me med ein tandemsykkel til han, så han kunne ta med seg ein kamerat og kome seg litt rundt. Men Junior tok med seg ein kamerat som også var blind…
På det siste biletet ser de to blinde 13åringar som syklar tandem!

Elles på bileta ser de Emilie med tandemen. Fyrste turen skjedde med prosjektet sin mekanikar Javier som pilot.







3. mars 2014

THE BEST EVER!


”The best ever”, er det ikkje det ein pamp plar seie når eit OL er over, for å glede arrangøren?

Sendinga vår til Cuba i vinter var virkeleg the best ever.

Folk har aldri før gitt oss så mange fine syklar, og me hadde med 527 syklar. Me hadde med over 1100 nye sykkeldekk av ein kvalitet som cubanarar berre drøymer om. Me hadde med kassevis av sykkeltøy av beste kvalitet både frå NCF, frå Dalane SK, frå KCK og frå FrøySK. Me hadde med masse fotballar og nye fotballdraktar. Me hadde leiketøy, me hadde datamaskinar, me hadde snekker-verktøy, mekanisk verktøy, sveiseapparat og me hadde med store mengder sko og klede.

Både opning av containerar, transport på Cuba og utdeling gjekk smertefritt. Det einaste skåret i gleda var at containerane blei forseinka, så damene våre, Signe, Helga, Elin og Anne Grete måtte dra heim att ein dag før me opna containerane. Men dei kjem sterkare att.

Nokre av dei heldige med syklar frå Noreg. Gode syklar i alle storleikar. Og litt etter litt får me lært dei at syklane må dei passe på, i eit land der aldri vedlikehald, av korkje det eine eller det andre, har vore nokon nasjonalsport.

Kan hende den viktigaste sykkelen me ga bort i vinter. Han var ti år, og hadde ein kreftsvulst i hovudet som han skulle operere. Legen ba om at han måtte få noko som kunne take tankane bort frå sjukdom og operasjon. Ingenting kunne gjere det betre enn ein skinnande DBS frå Noreg.

Ja, eg er tre år gamal og eg står tidleg opp for å kome ut og sykle...

...men eg fekk vel sykkelen for å bruke han, - eller?

Carlito har eit medfødt problem som gjer at han ikkje kan gå. Men på den nye trehjularen frå Høvåg, kan han kome seg rundt samstundes som han får trent musklane i beina. Syskenbarnet hans er kortvokst og får fort vondt i beina av å gå. Ho fekk sykkel frå Kristiansand, og plutseleg blei ein problematisk skuleveg berre moro.

Og då dei to, med kvar sine problem, fekk kvar sin glimrande berbare datamaskin frå Vennesla Videregående, tyktes livet vere litt mindre urettferdig for ei stund.