4. mars 2014

BLINDE EMILIE FEKK SIN TANDEM


Med oss i containeren hadde me ein strøken tandemsykkel frå Birkeland. Me hadde høyrt om ei blind 14-åring, men me visste ikkje kva ho heitte. Me visste berre at ho budde i Playa. Playa er ein tett befolka forstad til Havana, og me kunne liksom ikkje gå frå dør til dør og spørje etter ei blind jente på 14. Kva gjorde me då?

Cubanarane meinte at det var ei umogeleg oppgåve å finne ho. Det meinte dei nok mest fordi dei ville ha tandemen og leike seg med sjølve…
Cuba har eit godt skuletilbod for blinde og svaksynte. Ergo gjekk truleg jenta på ein slik skule. Altså måtte me finne ein slik skule.
Me leigde Jayro med sin Plymouth -49 modell og dro på leiting.
Me fann skulen og me fann jenta, Emilie Sigler Betancuort. Ei 14-åring av rette slagen! Ho tok til å diskutere med rektor då han skulle forklåre Jayro korleis han måtte køyre for å finne huset der ho budde…

Eg har ingen kunnskap om hjelpemiddel for blinde og svaksynte, men kven har slik kunnskap? Tenk om me i neste container kunne ha med ein datamaskin som Emilie kunne bruke. Kan ikkje det vere eit mål? Dugnadsleiaren sitt mobilnr. er stadig 90940437.

Og sidan me er inne på blinde, tek me med bilete og historia om Junior, som er blind og som no er musikklærar på skulen i landsbyen Central. Då Junior var 13 hadde me med ein tandemsykkel til han, så han kunne ta med seg ein kamerat og kome seg litt rundt. Men Junior tok med seg ein kamerat som også var blind…
På det siste biletet ser de to blinde 13åringar som syklar tandem!

Elles på bileta ser de Emilie med tandemen. Fyrste turen skjedde med prosjektet sin mekanikar Javier som pilot.







3. mars 2014

THE BEST EVER!


”The best ever”, er det ikkje det ein pamp plar seie når eit OL er over, for å glede arrangøren?

Sendinga vår til Cuba i vinter var virkeleg the best ever.

Folk har aldri før gitt oss så mange fine syklar, og me hadde med 527 syklar. Me hadde med over 1100 nye sykkeldekk av ein kvalitet som cubanarar berre drøymer om. Me hadde med kassevis av sykkeltøy av beste kvalitet både frå NCF, frå Dalane SK, frå KCK og frå FrøySK. Me hadde med masse fotballar og nye fotballdraktar. Me hadde leiketøy, me hadde datamaskinar, me hadde snekker-verktøy, mekanisk verktøy, sveiseapparat og me hadde med store mengder sko og klede.

Både opning av containerar, transport på Cuba og utdeling gjekk smertefritt. Det einaste skåret i gleda var at containerane blei forseinka, så damene våre, Signe, Helga, Elin og Anne Grete måtte dra heim att ein dag før me opna containerane. Men dei kjem sterkare att.

Nokre av dei heldige med syklar frå Noreg. Gode syklar i alle storleikar. Og litt etter litt får me lært dei at syklane må dei passe på, i eit land der aldri vedlikehald, av korkje det eine eller det andre, har vore nokon nasjonalsport.

Kan hende den viktigaste sykkelen me ga bort i vinter. Han var ti år, og hadde ein kreftsvulst i hovudet som han skulle operere. Legen ba om at han måtte få noko som kunne take tankane bort frå sjukdom og operasjon. Ingenting kunne gjere det betre enn ein skinnande DBS frå Noreg.

Ja, eg er tre år gamal og eg står tidleg opp for å kome ut og sykle...

...men eg fekk vel sykkelen for å bruke han, - eller?

Carlito har eit medfødt problem som gjer at han ikkje kan gå. Men på den nye trehjularen frå Høvåg, kan han kome seg rundt samstundes som han får trent musklane i beina. Syskenbarnet hans er kortvokst og får fort vondt i beina av å gå. Ho fekk sykkel frå Kristiansand, og plutseleg blei ein problematisk skuleveg berre moro.

Og då dei to, med kvar sine problem, fekk kvar sin glimrande berbare datamaskin frå Vennesla Videregående, tyktes livet vere litt mindre urettferdig for ei stund.