”The
best ever”, er det ikkje det ein pamp plar seie når eit OL er
over, for å glede arrangøren?
Sendinga
vår til Cuba i vinter var virkeleg the best ever.
Folk har
aldri før gitt oss så mange fine syklar, og me hadde med 527
syklar. Me hadde med over 1100 nye sykkeldekk av ein kvalitet som
cubanarar berre drøymer om. Me hadde med kassevis av sykkeltøy av
beste kvalitet både frå NCF, frå Dalane SK, frå KCK og frå FrøySK. Me hadde med masse fotballar og nye fotballdraktar. Me hadde
leiketøy, me hadde datamaskinar, me hadde snekker-verktøy,
mekanisk verktøy, sveiseapparat og me hadde med store mengder sko og
klede.
Både
opning av containerar, transport på Cuba og utdeling gjekk
smertefritt. Det einaste skåret i gleda var at containerane blei
forseinka, så damene våre, Signe, Helga, Elin og Anne Grete måtte
dra heim att ein dag før me opna containerane. Men dei kjem sterkare
att.
Ja, eg er
tre år gamal og eg står tidleg opp for å kome ut og sykle...
|
...men eg
fekk vel sykkelen for å bruke han, - eller?
|
Og då dei
to, med kvar sine problem, fekk kvar sin glimrande berbare datamaskin
frå Vennesla Videregående, tyktes livet vere litt mindre
urettferdig for ei stund.
|
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar