26. oktober 2013

526 SYKLAR ER PÅ VEG.
TAKK FOR HJELPA!


Då har container nr.2 forlate Kleivane Sag på Bygland. Dermed er to containerar med til saman 526 syklar, enorme mengder sko og klede, skolemateriell, sykkeldrakter, fotballar, hjelmar +++ på veg mot havna i Havana. Me håper at dei kjem dit i slutten av november. Og me håper endå meir at me får opna dei i god tid før ”pakkedamene”, Signe, Elin, Helga og Anne Grete drar heim att. Dei har nemleg pakka ”ørten” spesialkasser med innhald som dei vil sykle rundt og dele ut på eiga hand. Då er det ei oppleving å sjå dei, og kan hende endå meir å høyre dei…

Det har vore to fenomenale pakke-helger, med hjelp frå alle kantar. Dugnadsleiaren vil med dette nytte høvet til å seie TUSEN TAKK FOR HJELPA til alle som har bidrege på sin måte.

Me har starta på container nr.2. Ein kan sjå både den store trehjulssykkelen frå Høvåg og den lille rosa frå Anja Mosdøl i Valle. Innerst står tandem-sykkelen frå Birkeland og til venstre ser ein raceren til Dag Erik som han skal prøve å banke oss på under temporitta ein sundags morgon i desember.

Draumane er så forskjellige, ein rosa trehjulssykkel, ei rosa dokkevogn eller ein blandemaskin…

Det er aldri for seint å prøve noko nytt. Martha Haugen (82) var med og pakka klede til Cuba for fyrste gong. Me trur bestemt at ho kjem att til neste år. Ho måtte og opp og sjå korleis det såg ut inne i ein sykkelcontainer. Her mellom barnebarn Dag Erik og super-hjelper Hossein.

Så, denne fantastiske kjensla, som det er vanskeleg å forklåre, - endå ein container er full og me kan låse døra. Hossein står for den høgtidelege lukkinga medan Terje Bystøl (denne velsigna hjelparen som alltid stiller opp) og Dagfinn Jernes ser på.

Ingen kommentarer: