24. april 2012

”SYKLAR TIL CUBA” 2012


Motivasjonen er på topp, og økonomien er ikkje så verst den heller. Så me har tinga ein container som me skal pakke 12. og 13.mai. Så då er alle velkomne til å ta turen til Bygland for å hjelpe til. Me treng mange hender når me skal stu 76 kbm. Og har du ikkje høve til å hjelpe til med praktisk arbeid, så er stadig bank-kontoen vår 28010397288…

TO SYKLAR OM DAGEN TIL CUBA I 2011


2011 blei eit fantastisk år for sykkelprosjektet. Me sende ein ”sommar-container” og to containerar på hausten slik me har gjort dei seiste åra. Dermed klarte me å få sendt heile 791 syklar til Cuba i fjor. Mange av syklane fekk me fylgje heilt fram, og fekk dermed teke mange fine bilete av syklane hjå nye eigarar. Så etter kvart vil mange av dei som sende syklar få tilsendt eit bilete av syklane sine ”under palmene”. Av ymse årsaker klarar me ikkje å få teke bilete av alle syklane, men me gjer så godt me kan.

Det ligg mykje arbeid bak tre fulle containerar med syklar, kvar på 76 kbm. I tillegg til syklane har me med klede og sko som blir stappa mellom syklane. Det er også plass til sportsutstyr (eigen info om fotball-satsinga kjem seinare), data-utstyr, skulemateriell og leiketøy.

ME VIL RETTE EIN STOR TAKK til alle som på ymse vis gjorde 2011-resultatet mogeleg, både med dugnadsinnsats og pengestøtte.
Her ser du eit lite utval bilete av syklar me hadde med i vinter.