Syklistane
Marlies Mejias og Deyvis Martinez Llopiz er ”våre”. Dei har
vore ein del av ”Sykler til Cuba” i meir enn ti år, og dei to
syklar meir enn dei fleste. Men der sluttar likskapen.
Eg
sit med to avisutklypp:
Det
eine er om Marlies. Det klypte eg ut sjølv på Cuba i vinter då
Marlies kom heim med fem gullmedaljar frå dei sentral-amerikanske
leikane i Mexico. Marlies har sin 8. plass på velodromen under
London-OL, og reknast blant dei ti beste kvinnelege syklistane i verda.
Marlies vinn stadig i utlandet, og det neste store målet hennar er
OL i Rio.
Det
andre avisutklyppet fekk eg i posten for eit par veker sidan.
Avsendar var mor til Deyvis. Ho takkar sykkelprosjektet for at me har
gitt sonen hennar eit liv. Deyvis er fysisk funksjonshemma, og kan
ikkje gå normalt. Han kjem trampande på ein måte, som er vanskeleg
å forklåre. ( sjå på biletet der han syklar, - han går om lag på
same viset) Deyvis er også mentalt funksjonshemma.
Hadde
ikkje ”Syklar til Cuba” dukka opp, hadde truleg Deyvis trampa
rundt som ein tulling i landsbyen. Akkurat det veit mor hans aller
best, difor brukte ho nokre av hardt tiltrengte pengar til å sende
oss eit rekomandert takkebrev med avisutklypp i.
For
høyr no berre kva som skjedde med ”vår” funksjonshemma syklist
Deyvis: Til tross for mange åtvaringar, ga me Deyvis ny racer-sykkel
i vinter. Han fekk carbon-hjelm som få har maken til på Cuba og han
fekk sykkeljakke frå verdsmeistar Thor Hushovd. (via Jan Frivold og
Jarle Storrem)
Og
Deyvis trente og trente, seint og tidleg.
Så
var det sykkelritt i Bauta, - fellesstart. Ein forstandig arrangør
lot Deyvis (snart 30) starte i 16-årsklassen. Og Deyvis vant! Deyvis
banka eit heilt kobbel med spreke sekstenåringar!
Men
det stansa ikkje der.
I
”sykkel-byen” Guanajay var det stort sykkelritt med dei beste
cubanske syklistane på startsreken. På startstreken stod også
Deyvis Martinez Llopiz. Arrangøren synte stor menneskleg varme.
Etter løpet ble Deyvis kalt fram saman med dei beste syklistane, og
fekk ei utmerking for sin fantastiske vilje og pågangsmot. Og kan
hende det aller største for Deyvis, han kunne sjå namnet sitt på
sportssida i avisa.
På
spursmål om korleis han kunne bli endå betre, svarte Deyvis: Eg
håper Jan Olsen har med ein carbon-racer til meg…. (men den må
vere låg i ramma så han får svinga dei stive beina sine på plass,
Jan Olsen anm.)
Marlies er blitt vant til å bli omtala i media… |
...men det var nok mykje større for Deyvis å asjå namnet sitt på sportssida i avisa. |
Marlies då ho vann eit stort ritt i Argentina i fjor. |
Det går ikkje an å bli særleg stoltare enn Deyvis akkurat då, ny racer, ny carbon-hjelm og prikken over i-en, sykkeljakke frå verdsmeistar Thor Hushovd (via Jan Frivold og Jarle Storrem). |
Marlies, i fjor vinter med ny sykkel sponsa av ”Pedalpigane” i KCK. |
Cubas ivrigaste syklist i farta. Beinstillinga ser noko vond ut, men slik syklar Deyvis seint og tidleg. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar