Motivasjonen er på
topp, og økonomien er ikkje så verst den heller.
Så me har tinga ein container som me skal pakke 12. og 13.mai. Så
då er alle velkomne til å ta turen til Bygland for å hjelpe til.
Me treng mange hender når me skal stu 76 kbm. Og har du ikkje høve
til å hjelpe til med praktisk arbeid, så er stadig bank-kontoen vår
28010397288…
24. april 2012
TO SYKLAR OM DAGEN TIL CUBA I 2011
2011 blei eit
fantastisk år for sykkelprosjektet. Me sende ein ”sommar-container”
og to containerar på hausten slik me har gjort dei seiste åra.
Dermed klarte me å få sendt heile 791 syklar til Cuba i fjor. Mange
av syklane fekk me fylgje heilt fram, og fekk dermed teke mange fine
bilete av syklane hjå nye eigarar. Så etter kvart vil mange av dei
som sende syklar få tilsendt eit bilete av syklane sine ”under
palmene”. Av ymse årsaker klarar me ikkje å få teke bilete av
alle syklane, men me gjer så godt me kan.
Det ligg mykje arbeid bak
tre fulle containerar med syklar, kvar på 76 kbm. I tillegg til
syklane har me med klede og sko som blir stappa mellom syklane. Det
er også plass til sportsutstyr (eigen info om fotball-satsinga kjem
seinare), data-utstyr, skulemateriell og leiketøy.
ME VIL RETTE EIN
STOR TAKK til alle som på ymse vis gjorde
2011-resultatet mogeleg, både med dugnadsinnsats og pengestøtte.
Her ser du eit lite utval
bilete av syklar me hadde med i vinter.
Abonner på:
Innlegg (Atom)