Det er
mindre enn to veker til me skal pakke den fyrste containeren, men me
er godt i gong allereie. Dugnadsleiar med hjelpar Hossein har tre
helger køyrt inn syklar frå lager og snudd styre og pedalar, ca.
270 syklar er klare. Folk har gitt oss veldig gode syklar, så det er
moro å halde på med.
ME
MANGLAR: Me skulle gjerne hatt mange fleire barnesyklar. Me håper å
få retta på det når me skal samle inn syklar hjå G.Nordby i
Kristiansand fyrstkomande laurdag (5.okt).
Me skulle
også gjerne hatt fleire hjelparar til å pakke klede i posar som skal
stuast inn mellom syklane. Har du nokre ledige hender, kontakt Signe
Arneberg.
FOLKEHØGSKULEN
KJEM: Laurdag 12.okt kjem heile folkehøgskulen frå Valle til
Bygland for å pakke container. Elevane gjorde eit solid
fyrsteinntrykk då dugnadsleiar var oppe og orienterte om prosjektet.
Med hjelp frå desse ungdomane skal me få gjort masse fyrste
laurdagen. Me håper mange av elevane vil hjelpe med pakking av
klede, for alle klede me kan få studd inn mellom syklane, er rein
bonus.
Hossein, ein velsigna hjelpar med ein enorm arbeidskapasitet. Her framom plastpresenninga som skjuler over 250 syklar, der han mest aleine har snudd styre og pedalar. |