I løpet av femten år har eg sykla uttallege gongar mellom Playa Baracoa og bustadområdet Negrin. Eg har sett ufatteleg mykje rart langs denne vegstrekninga, men kan ikkje take bilete fordi der er flyplass og militært område.
Denne februardagen var det ekstra leitt med fotoforbod. For dette hadde eg aldri sett før. Der kom ei ungjente paraderande, heilt aleine med son sin i ein ”Mercedes Bentz” av ei barnevogn. Er ein stolt så er ein stolt, og då skal flest mogeleg få sjå det. Smilet var så breitt at ein mest såg smilet før ein såg barnevogna. Bilane tuta og ho vinka attende.
Sjølv tråkka eg vidare på sykkelen og tenkte på for eit fantastisk liv dette sykkelprosjektet gjev meg. Der, midt på ein cubansk landeveg gjekk truleg verdas lukkelegaste ungjente denne dagen. Barnevogna var det ”Sykler til Cuba” som hadde hatt med frå andre sida av kloden. Og ikkje berre det, ho som hadde sendt den, var min prakt-elev frå 6. klasse ved Byglandsfjord skule hausten 1987, Renate Øvergård. Stikk den!
Montering av barnevogner er intelligenstest for menn, og Jose sleit litt. |
No manglar berre litt luft i hjula, så er ho klar til prøvetrilling. |
Jungeltelegrafen har gode kår på Cuba, og dei sakkunnige som skulle vurdere vidunderet var raskt på plass. |