Dei fyrste som var i elden var ein gjeng frå  Bygland KVS. Det var gutta sine (og jenta) som kunne skru. Flott ungdom som  saman med Hossein snudde pedalar og styre på over 100 syklar i løpet av ei  kveldsstund.
 Og då containeren svinga inn foran Kleivane Sag på  Bygland blei prosjektleiaren rimeleg høg.
 Slik ungdom vil gamle Noreg ha. Her med  ein veldig spesiell sykkel som tok vegen frå Florida til Søgne om  Bygland for å kome til Cuba...
 Frå venstre: Kim Berntsen, Vennesla. Bjørn Marius  Dagsland, Vennesla. Terkel Gurebo, Landvik. Solbjørg Lunden, Haukligrend. Kjetil  Aabel, Birkeland og Asgeir Helland, Bergen.

 Det skal vere sosialt å pakke container som skal  til Cuba. Her med vaffelkos (vaflane sjølvsagt steikt på plassen av Signe  Arneberg) utanfor Kleivane Sag. Heilt til høgre sit Hossein, asylsøkar frå  Afganistan som gjer ein kjempejobb for sykkelprosjektet.
 
 
 Ein "feit" lastebil frå AGA Transport kom med  containeren. Oppe til høgre ser ein "såret" i fjellet etter smellen som til  og med kom på Dagsrevyen, då Vegvesenet fyrte av 2 tonn dynamitt dagen  før.
 
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar